Ja, det har tatt litt tid med tregolvet!! Vi greidde til slutt å få ferdig golvet i 2 etasja, og no held vi på for fullt i hovudetasja. Sidan det er betonggolv i hovudetasje måtte vi fyrst legge plast, ullpapp og kryssfinêr før vi kunne legge sjølve tregolvet. No håper vi berre at vi har nok golv til å fullføre... Vi skal ha same golv på både stove, kjøkken og soverom i hovudetasja.
Nok ein gong stiller foreldra mine opp og hjelper til med det meste. I dag har dei begynt å legge tapet på kjøkenet:) Tapeten, som er ein Borås tapet, var visst svært enkel å ha opp. Skøytane er so og seie usynlege. Dette trur eg vert ei meget bra helg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar