mandag 12. september 2011

Beslag på vannbrett og meir ytterpanel


I dag har Nordal lagt beslag på alle vannbretta over og under vindauga og på etasjeskillet. Dei er også godt igang med ytterpanelet på tilbygget, og har fuga nesten alle vindauga med byggeskum.

Beslag på vannbrett
Håper beslaget ikkje skal stikke utanfor sidene?







lørdag 10. september 2011

2 etasje

Snekkarane har begynt såvidt med å dele inn romma i 2 etasjen:) Har vore litt spent på størrelsen på walk-in garderoba blant anna. Det er ein ting å sjå det på teikningane, og ein heilt anna ting å sjå det i verklegheita.Trur det blir perfekte størrelsa på romma:)

Minste soverommet. Trappa kjem opp der det ligg plater

Soverom nr 2. Sør-vest.

Hovudbadet. Sør-aust.

Soverommet vårt. Nord-aust.

Walk-in garderobe mellom badet og soverommet vårt

Magne testa størrelsen på rommet

fredag 9. september 2011

Ytterpanel på vei opp


No har eg ikkje fått oppdatert bloggen på nokre daga. Har vore så mykje anna. Alle vindauga og dørene er på plass (utanom hovuddøra), dei har begynt å dele inn 2. etasje, balkongen er tetta, vatnbretta nederst på huset og over og under vindauga er oppe og ytterpanelet er på vei opp.

Smakebit på ytterpanelet - sveitserpanel


Glasverandaen

Vannbrett nederst på huset


På balkongen

Smakebit på vannbrett med tannbord



mandag 5. september 2011

Bursdagskort


I helga slo eg og Piia oss ilag og scrappa eit bursdagskort. Med litt god raudvin og selskap, så blomstrar kreativiteten:)







Vindauger... halleluja!!


Er på ein måte litt spanande å ikkje ha oversikt over framdriftsplanen til Nordal, for i dag begynte dei nemleg å setje inn vindauga utan at vi visste det på førehand. Fekk eit stort smil om munnen når eg såg det!!! Dei er rett og slett vakre:)







søndag 4. september 2011

Vindskier, lekting og tetting av balkong


Før helga fekk vi opp vindskier på taket (ref. store norske leksikon: kantbord som avslutter og beskytter taktekkingen i gavlen). Det blei utruleg fint! Taksteinane stikk vanlegvis utanom vinskiene på andre hus, men hos oss vil dei ligge inntil vindskiene. Blir spennande å sjå resultatet!!






Ellers er Nordal godt igang med å lekte veggane på huset. Det blir lekta dobbelt, sidan vi skal ha ståande panel. No kan det ikkje være lenge før panelet kjem opp?! Skulle gjerne hatt oversikt over framdriftsplanen, men vi har ikkje fått istand eit møte med Nordal enda. Kanskje denne veka:)






Og så har dei begynt å tette balkongen vår, så no er det ganske tørt inne i huset. Hærleg!! Dei sei at huset kjem til å tørke ganske kjapt når vi får inn ei vifte. So då rekna vi med at det stemmer:)




Støvsuging og rydding


I helga har vi endeleg hatt heilt fri. Helga har dermed gått med til å rydde oppe i huset. Noko som vi syns ei heilt greitt, sidan det er VÅRT hus!!:) Her er bilete før og etter:










Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...