mandag 30. juli 2012

Vårt fantastiske Espe-kjøken

Eg og Magne har blitt steikje dyktige på kjøkenmontering i sommar. V har vel brukt nesten 3 veker for å få på plass kjøkenet, så ein må jaggu være tålmodig. Det er ikkje heilt ferdig enda, men fullt brukandes. Det gjenstår å liste, flislegge og litt småtteri.




"Grue"

Simens koketopp

Kjølehjørne og høgskap

Mykje plass her:)

Porselensvask

Stoor og deilig kjøkenøy;)

Enkle knotter på heile kjøkenet

Liten vask på kjøkenøya



Status

Nei, vi er ikkje ferdige enda;) Vi har uendelig mykje igjen i huset.. eller det føles iallefall slik. Badet i 1. etasja er ikkje ferdig fuga enda (badet i 2. etasja er utsatt på ubestemt tidspunkt), rørlegger kjem på torsdag og skal gjere siste innspurt i huset, gangen er ikkje flislagt, vi har ikkje begynt å liste, brytarar og kontakter mangler, sikringsskapet er halvferdig og det gjenstår litt på kjøkenet enda. Likevel har vi begynt å fylle opp kjøkenet, satt inn diverse møbler og kasser med saker og ting. Vi er rett og slett spennklar til å flytte inn, og kjem nok til å gjere det også før vi er ferdige;) Eg skulle jo ikkje flytte inn før absolutt alt var på plass, men er ein dritlei så er ein dritlei!!

I ferien har vi vore i huset kvar einaste dag, utenom ein tur-retur IKEA Trondheim (dagstur). No vert det iherdig jobbing kvar kveld og helg framover, til vi stuper! Høgdepunkta i sommar var å få på plass trappa og kjøkenet, men gleder oss veldig til å sleppe å køyre heim igjen for å gå på do også;)

torsdag 12. juli 2012

Sugebrett i sokkelen

Vi har montert sugebrett i sokkelen på kjøkenet. Kjempetøft! Den funka som berre det. Slepp å drage ut heile slangen på sentralstøvesugaren om vi det kjem litt brødsmula på golvet. No treng vi berre ein liten kost:) Ellers er resten av kjøkenet på vei opp. Fleire bilder kjem så snart det ser litt meir ferdig ut.




søndag 8. juli 2012

Kjøken på vei opp

Kjøkenet er på vei opp, men med to amatører, eit skeivt golv og eit noke innvikla kjøken går det ikkje så fort:) Vi har måla, vatra, høvla, pussa og gnissa tenner i fleirfoldige dagar no. Fekk fyrst ikkje plass til kjøkenet og måtte sende tilbake og høvle eine dekksida til kjølehjørnet, men no passar det "like a glove":) Kjøkenet må være på plass til onsdag når rørlegger kjem...

Tilpassing av sokkel

Underskapa begynner å kome på plass

Kaos!!

Meir kaos!!

Overskapa på vei opp

Overskapa på plass

Test av benkplate - i vater!!

Lekkert!!

Badet er ferdig flislagt!!

Etter iherdig innsats av flislegger og min flinke, flotte og snille pappa har badet endelig blitt ferdig flislagt!!(mangler berre litt mosaikkfliser i dusjen) No skal det fugast, silikonerast og sparklast og ev. malast før rørleggaren kjem på onsdag. Då kjem do med høgthengande sisterne, vask og dusjarmatur på plass:) Vi var så heldige å få tak i flisleggar midt på sommaren, men han hadde berre tre dagar til rådighet og fekk berre tatt veggane. Heldigvis kunne pappa stille opp og få på plass sjakkmønsteret vårt på golvet, sjølv om det visst er ei utfordring!

Veggflisene på plass
Dusjveggen vart meir stødig med fliser

Deler av veggen skal sparklast og malast
Pappa grubler 


Det ferdige resultatet

Har vore litt pirk med dette golvet



mandag 25. juni 2012

Jaudå! Det skjer, det skjer..

Det er vanskeleg å få tid til blogging for tida. Det går i eitt med jobb og hus. Forrige helg var vi ein tur heim til Stranda, og då henta vi med oss masse gamle møbler og ting. Sidan møblane er ganske gamle og nedstøva så blei det litt banking og støvesuging før vi kunne ta dei med inn. Skikkelige biler av møblane kjem ein annan gong:)






Forrige veke kom endeleg kjøkenet vårt frå Espe Trevarer. Eg var kjempespent, men det var veldig vanskelig å forsetille seg korleis det egentleg såg ut ferdig oppsatt. Det kom i modular, men vi må setje saman kjølehjørnet og høvle til soklane (pga skeivt golv) før vi kan begynne å setje det opp. Har litt av ein jobb foran oss trur eg..











På onsdag kjem ein kar og skal flislegge badet vårt i fyrste etasja, så i går kveld og i dag har eg smørt på membran på golvet (veggane har vi tatt tidlegare). Må opp igjen tidleg i morgo(før jobb) å ta eit strøk til med membran, for at det skal tørke til flislegginga onsdag..phu! Sliten no!!








tirsdag 12. juni 2012

Helga som gjekk

I helga hadde vi stoore planer! Vi skulle legge ferdig golvet, sette inn innerdører, støype golv på badet og tapetsere. Fredagen kom og dørene og resten av golvet vi hadde bestilt (og som vi hadde fått lovnad om at skulle kome til helga) kom ikkje likevel. Vi hadde eit håp om at dei skulle dukke opp på lørdagen, men neeida! Då var det berre å sette igang foreldra mine til å tapetsere mens eg fekk opplæring i å koble stikkontakter. Magne kom godt igang med sikringsskapet.


Sikringsskapet sett frå walk-in

Magne har fått inn alle røra i sikringsskapet

Planlegging

Gøy å koble

Ekstra flate kontakter gjer seg

Først blå, så brun, svart og kvit. Gul/grøn er jording:) 

Takpunkta våre, med krok i

Tapetane har endelig komt opp, og den eine finare enn den andre:) Mangler berre tapeten på hovudsoverommet. Alle tapetane er frå Borås. Er kjempefornøgd, men blir nok enda betre når listverk og møbler kjem på plass. Litt dårlege bilder, men ein får eit inntrykk.


Soverom - Falsterbo 1435


Stova - Falsterbo 1422

Gjesterom - Falsterbo 1426

Kontor/soverom - Karslund 2931
Kjøkken - Karlslund 2930


No kan vi snart legge membran på badegolvet i hovudetasja. Det har vore litt styr med dusjveggen, plassering av doen, riktig fall på golver osv, men no ser det ut til å ordne seg. Over dusjveggen skal det være glasvegg.

Dusjvegg av litexplater

Her kjem do med høgthengande sisterne



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...