torsdag 5. april 2012

Sparkla og mala gipstak

Nokre veker før påske leide vi inn folk til å sparkle og male taket på stove, kjøkken og i hallen. Det er eg svært glad for at vi gjorde:) To stykker brukte ei heil veke på å bli ferdig. Ganske greit resultat trur eg!

Stova

Stova

Stova mot kjøkkenet

Kjøkkenet

Hallen


Påskearbeid


I det siste har det vore mykje tenkearbeid og planlegging, og heller lite synleg framgang i huset. Er nok den mest frustrerande tida så langt i husbygginga. Magne har fått platekledd veggane på bada med Wedi-plater iallefall, så dei er klare for membran og flislegging. Badegolva er ikkje klar for flislegging enda pga at vi må støype heile golvet i 2. etg og finstøype litt i 1.etg.

Badet i 1. etasje

Badet i 2. etasje

Ellers har vi gått å venta lenge på hjelp til flislegging av vaskerommet, og endeleg kom påska med snille foreldre med arbeidslyst. Det var med godt mot vi tok tak i flislegging av golvet på vaskerommet, men det skulle vise seg å være ei viss utfording i å legge sjakkmønster med fliser som ikkje var like store. Fyrste dgn gjekk med på å prøve og feile, diskutere og teikne mønster. Vi håper å få ferdig golvet iløpet av dagen i dag:)..eller i morgo..

Diskusjon på gang

Dei svarte flisene var 1 mm mindre enn dei kvite

Ser bra ut så langt:)


 Vi har også fått testa ut balkongen i påska:) Det var nokre hærlige timar i sola, med hyggeleg selskap.

Kosa oss i solveggen

Påskestemning!


mandag 12. mars 2012

Velge utskjæring bislag

Kva skal vi velge av desse forslaga? Arkitekten meinte det siste forslaget var best, for då fekk ein meir fram utskjæringarne..





Drøymekjøken

Vi har vore litt fram og tilbake når det gjeld kjøken. Vi fekk teikna forslag frå Sigdal kjøkken, og var eigentleg veldig nøgd med det. Likevel gjekk vi å grubla litt på om vi skulle stikke innom Espe Trevare og kike på kjøken der. Vi likte veldig godt kjøkenet under Nostalgi (sjå bilete under), med synlege skrogstammer og innanforliggande frontar. Vi greidde ikkje å styre oss, og har fått teikna eit forslag frå Espe. Det er klart dyrare enn Sigdal, men det er nok ein viss fare for at det heller mot Espe kjøken:) Kva trur du?







Fargen ser litt rar ut på bilda, men det skal liksom være ein dus grønfarge. Fargen er ikkje bestemt enda, og det er heller ikkje valgt benkplate. Har mest lyst på heiltre benkplate, men trur at pengane begynner å minke når vi kjem til slike detaljar... 

søndag 26. februar 2012

Vinterferien kom til nytte


I ferien har vi hatt foreldra mine på "arbeids"-besøk:) Vi har fått rydda, sparkla og pussa alle gipsveggane (3 gonger), grunna vegger, satt opp brannmurar, prima golva på bad og vaskerom, støypt litt og hatt fleire koselege kaffepausar. Har ikkje tatt så mykje bilder, men legg ut det eg har.








lørdag 25. februar 2012

Ferdig platekledd

Torsdag var huset ferdig platekledd inne:) Nordal er no ute av huset ei stond, og vi får tid til å gjere ferdig bada, legge golv og fliser, liste, tapetsere osv.


Fyrste etasje:


Tv-kroken på stova. Vindua mot vest.

Stova sett mot kjøkkenet. Bibliotek?

Stova sett frå tv-stova. Vindua mot sør.

Stova sett frå kjøkkenet.

Kontor/gjesterom. Vindu mot nord.

Kontor/gjesterom mot hallen.

Kjøkkenkroken sett frå stova. 

Kjøkken og glasveranda.

Vår vakre glasvaranda:)
Vaskerom sett frå hallen. Vindu mot aust. 

Bad sett frå hallen. Vindu mot nord.


Hallen. Trappa manglar endå.

 Andre etasje:


Trappeoppgangen.

Soverom 1. Sørvest.

Soverom 2. Nordvest.

Bod med sentralstøvesuger.

Hovudsoverom. Nordaust.

Loftstova, med fantastisk utsikt:)

4,5 meter under taket. Luftig!


Loftstova. Luke til ventilasjonsystem.

Mykje dører..

Må litt listing til..
Er det stort nok tru?

Hovudbadet. Søraust.



onsdag 22. februar 2012

Vakker kunst

Satt og såg på "Herlige hjem" på TVNorge her ein dag. Dei var då på besøk med kunstneren Elisabeth Werp. Eg forelska meg heilt i bileta hennar (Magne også). Det hadde verkeleg gjort seg med eit slikt fantastisk kunstverk i stova vår:) Kanskje ein vakker dag! Anbefaler sida elisabethwerp.com.

Ekko fra klokken som tikker et annet sted

Jeg venter på deg 
Bortgang møter tilblivelse


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...