tirsdag 23. august 2011

Taket begynner å ta form

I dag har vi fått opp spiret mot vest også, og Nordal har begynt å legge på trod i rafta. Taket vil stikke ut ca 80 cm frå veggen. Det er så spennande at eg nesten ikkje held ut!!!

Troden på plass på oppsida av huset

Sjå kor lekkert:)





Mangler framleis trod på nedsida og på arka


Endeleg i gang igjen:)

I dag begynte Nordal på huset igjen. Hærleg!! Blir utruleg spennande framover. Dei skal gjere ferdig utsida fyrst, og rekna ca ein måned på den. Dei har rekna ca ein månad på innsida også, men blir eit avbrekk når Magne skal innstallere det elektriske og rørleggaren skal inn.

I dag kom fyrste spiret opp, og mesteparten av sperrene som skal stikke ut under taket.


Johoo!! Såå stilig!


Sperrene sett frå innsida







mandag 22. august 2011

Sommaren som har gått

No kan ein vel eigentleg seie at sommaren er over, og det har vel ikkje akkurat vore tidenes sommar når det gjeld vèret. Vi har brukt sommaren til planlegging av hus, grunning av huspynt, vore i bryllup og jobba. Stakars Magne har vel egentlig ikkje hatt ferie nesten, men berre tatt fri ein dag no og då for husarbeid. No gleeda eg meg faktisk til hausten og full fart i husbygginga:) Nordal har ikkje jobba med huset på 6 veker, men vi har likevel fått gjort litt. Vi fekk god hjelp med snille foreldre!!


Mamma rydda rundt huset

Effektivt med fleire arbeidsområder


Detaljmaling på gang

Så skal alt tørke, før stabling


Viktig å sortere



fredag 15. juli 2011

Grunning

I sommar har vi nok å gjere i forbindelse med huset, så vi skal ikkje kjede oss iallefall:) Vi må blant anna grunne og male all pynten frå EKS. Dette begynte vi såvidt med i går. Fant fort ut at oljegrunning bør brukast ute i frisk luft ja!!! Vi bruker Gjøco oljegrunning, sidan det er det dei har på Nystøl og Fagerhol (lokal forhandlar).

I gang med å grunne taksperrene

Magne laga flotte bukkar av restmateriale

tirsdag 12. juli 2011

Vindauga har kome

I formiddag kom vindauga våre. Dei var ganske tunge, og vi fekk heldigvis hjelp av onkel Lasse og Inge. Naboen måtte også trå til for å bære inn vindauga til glasverandaen. No håpe vi berre at dei får stå trygt fram til dei skal på plass:)


Vindu ved inngangsdør og på balkongen


Vindu til glasverandaen

Veggpanel

Vi skal ha "jukse"panel i so og seie heile huset, med unntak av litt tapet. Vi har i utgangspunktet skreve på kontrakta at vi skal ha Huntonit panelplater type Perle. Alle platene skal være kvite.

Dilemmaet er at eg ynskjer å ha smale bord (noko eg meinar passer best til stilen på huset), og borda på Perle er ganske breie. Panel-"jungelen" på internett er nesten umogleg og finne ut av. Det er dårlege bilete og vanskeleg å finne fram syns eg. Og så greier eg ikkje bestemme om vi skal ha glatte eller kostemalte plater heller. Der vi bor no er det Fas 8 bord, og dei ser ganske bra ut syns eg.

Kva skal vi velge?? Greier du å sjå kven av panela som er finast på bilda? Vil dokke anbefale noko anna enn Huntonit?

Huntonit - Perle 5 bord
Huntonit - Fas 8 bord

Trapp

I kontrakta vår står det at vi skal ha trapp frå Stryntrappa, men eg finn ingen trapp eg lika der!! Einaste som kunne være aktuell er Harmoni eller Symfoni, men føler trappene er for enkle og at det manglar spesielle detaljar.

Harmoni

Symfoni

Sidan vi skal ha ein ganske stor hall med historiske fliser og panel på veggane, så ynskjer eg også at trappa skal passe inn i stilen. Eg fant ein del flotte trapper på Trapperingen. Prisen er sikkert mykje stivare, men der har trappene litt meir detaljar og sjel føler eg. Eg likar at rekkverket går i bue oppover, at rekkverkborda er litt spesielle, at trappetrinna blir breiare nederst, at trinna er tette, at det er litt snirklar og spesielle detaljar og gjerne innebygd trapp. Eg ynskjer at det skal sjå ut som om trappa høyrer til huset og er bygd på plassen;)

Noken som har eit innspel?? 

Lesja - liker fargane, rekkverket og det at den passar godt inn
Lesja - flott når den er innebygd

Christiania - enkel, men likevel forseggjort

Christiania - blir litt herskapeleg når trappa er breiare nederst

Christiania - detaljar

Sørlandet - dette oser av herskaplegheit

Sørlandet - liker fargane, dei høge sidelistene og detaljane på rekkverket

Trondheim

Ålesund

torsdag 7. juli 2011

Huset er tett

I dag rakk vi å få tett huset før det begynte å regne for fullt:) Vi veit ikkje om det blir gjort så mykje meir på huset før Nordal skal ha ferie, for dei jobba parallelt med eit hus i Syvde. Håper sjølvsagt at mest mogleg vert gjort før neste veke er omme. Vi skal iallefall begynne å grunne og male all pynten som blei levert frå EKS i går. Gleda meg til det!!! Noken som har lyst å hjelpe til eller?;)



 

 





Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...