Eg fekk såå lyst å kjøpe meg ei fargevifte med alle NCS fargane, men ei vifte kosta over 1500 kr pluss frakt på nettet. Det hadde vore så greit å hatt når vi skal begynne å innrede og velge ut farga på maling, tapet og interiør.
[Bilete av NCS fargevifte er fjerna. Bruk gjerne google for å finne dette :)]
Så fekk eg eit lite tips om å samle inn "fargestrips" på malebutikker. Det skulle vise seg å ikkje være så lett, sidan alle butikker har skifta desse ut med berre ein farge pr strips. Tilslutt fant eg ein butikk, og eg fekk lov(om eg ikkje fortalte det til nokon) å samle inn alle fargane:) Så bora Magne hol i stripsa, og eg festa dei på ein ring. Då har eg fått meg ei flott heimelaga vifte!