I november i fjor, var vi ferdig å grave tomta. Det var hærlig at noko skjedde!
Det tok ca ei veke å grave og fylle opp tomta med steinmasse og pukk. Takket være kjære Kenneth, så gjekk det unna så det fauk etter:) Vi fekk også mykje hjelp med onkel Arnljot, som ofra fleire dagar i steinbruddet på garden. Det blei meget bra. Snøen kom ikkje lenge etter at vi var ferdige å grave. No går vi berre å venta på at snø og frost skal forsvinne, og vi kan få sette opp den flotte grunnmuren vår. Vi er såå klare.
Det som skjer no er at vi vurderer tilboda frå entrepenørar, og må bestemme oss for detaljane som skal være med i tilboda. Det er to aktuelle entrepenørar, og dei har litt ulik innfallsvinkel. Må vel snart bestemme oss!
Det vi tenkjer å gjere sjølv av eigeninnsats er blant anna tapetsering, listing, legging av tregolv og vannbåren varme, maling av panel(lika ikkje fargane på dei ferdigmala platene), alt elektrisk, maling av huset utvendig og utskjæringane. Vi skal også kjøpe inn og sette opp kjøkken- og badeinnredningane sjølv.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar