torsdag 29. september 2011

Blondelister og takrenner


No er listinga rundt vindauga so og seie ferdig:) Det ser meeget bra ut, om eg får seie det sjølv! Takrennene med nedløp er også snart ferdig, og det er skjært ut plass til nedløpet i vannbrettet nederst på huset. Nyt synet!;)


Ferdig pynta vindu:)

Vakker blondelist med stjerner 

Høgdeforskjellen på vindauga er planlagt!

Gjennomført!

Fint med kvite takrenner

mandag 26. september 2011

Vindusinnramming


Taket er so og seie ferdig ser det ut som. Nordal har fått opp taksteinane på toppen av taket i dag, og vannbrett på toppen av vindskeiene.



 I dag har dei også begynt med å ramme inn vindauga:) Det blir berre lekkert!! 

Deler av vindusinnramminga på plass

Vinduslister

Tannbord og knekter


torsdag 22. september 2011

Takstein


I går begynte Nordal med taket vårt. Det er ru, skifergrå takstein frå Skarpnes. Dobbelkrum. No har dei berre igjen taket på arka nedover:) Det regna bittelitt når eg tok bilda i dag, så dei er kanskje ikkje så utruleg gode. Taket var ikkje heilt slik eg hadde sett for meg, men syns det blei meeget bra likevel:)

Ka dokke syns? Kom gjerne med tilbakemelding:)











No manglar berre ytterpanelet på oppsida, men det får vi ikkje på plass enda. Fyrst må veien flyttast, inngangspartiet støypast, bislaget setjast opp og så kan Nordal gjere ferdig panelet:) Det er ikkje plass til nedkøyrselen vår rett bak huset, så den skal flyttast eit godt stykke utover. Garasje kjem ein vakker dag i framtida, når vi vinn i lotto;)

tirsdag 20. september 2011

Det går i sveitserpanel..


Det er visst eit pirkearbeid å få opp ytterpanelet på huset vårt. Det skal sagast til og lirkast på plass rundt alle sperrene som stikk ut, vannbretta og etasjeskillet. Er ikkje så mykje synleg forskjell siste dagane, men her er iallefall bileta frå fredag.








mandag 19. september 2011

Bislag


Som ein ser på husteikningane, så skal vi ha eit bislag foran inngangsdøra. Sjølvsagt med masse utskjæringa:) Biletet under er henta frå EKS, og liknar på bislaget vi skal ha.


Eg gleda meg veldig til å pynte bislaget med ein liten benk, lykter, blomster og anna pynt etter årstida. Et par gamle ski, saueskinn og litt granbar til jul for eksempel:)

 

søndag 18. september 2011

Renova


Eg er ikkje så veldig begeistra for vanlege, firkanta brytarar og stikkontakter. Renova er ein serie med brytarar og stikkontakter i gamal stil, som ikkje er så frykteleg mykje dyarare enn dei vanlege. Dei fins i fleire fargar, men sidan vi skal ha kvite panelveggar og lyse golv blir det nok kvite. Eg trur desse kjem til å passe veldig godt inn i huset vårt:)





onsdag 14. september 2011

mandag 12. september 2011

Beslag på vannbrett og meir ytterpanel


I dag har Nordal lagt beslag på alle vannbretta over og under vindauga og på etasjeskillet. Dei er også godt igang med ytterpanelet på tilbygget, og har fuga nesten alle vindauga med byggeskum.

Beslag på vannbrett
Håper beslaget ikkje skal stikke utanfor sidene?







lørdag 10. september 2011

2 etasje

Snekkarane har begynt såvidt med å dele inn romma i 2 etasjen:) Har vore litt spent på størrelsen på walk-in garderoba blant anna. Det er ein ting å sjå det på teikningane, og ein heilt anna ting å sjå det i verklegheita.Trur det blir perfekte størrelsa på romma:)

Minste soverommet. Trappa kjem opp der det ligg plater

Soverom nr 2. Sør-vest.

Hovudbadet. Sør-aust.

Soverommet vårt. Nord-aust.

Walk-in garderobe mellom badet og soverommet vårt

Magne testa størrelsen på rommet

fredag 9. september 2011

Ytterpanel på vei opp


No har eg ikkje fått oppdatert bloggen på nokre daga. Har vore så mykje anna. Alle vindauga og dørene er på plass (utanom hovuddøra), dei har begynt å dele inn 2. etasje, balkongen er tetta, vatnbretta nederst på huset og over og under vindauga er oppe og ytterpanelet er på vei opp.

Smakebit på ytterpanelet - sveitserpanel


Glasverandaen

Vannbrett nederst på huset


På balkongen

Smakebit på vannbrett med tannbord



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...