onsdag 31. august 2011

Detaljer balkong

I går fekk eg og Magne litt småpanikk!! Vi var sikre på at balkongen var steikje skeiv. Vi ringte Nordal og klaga vår nød, og han forstod ingenting. Dei hadde målt opp og i mente for å få den heilt bein. Eg og Magne måtte opp i huset i regnet i går kveld for å måle med laser... ooog balkongen kunne faktisk nesten ikkje bli beinare..eeh. Jaja, så feil kan ein ta:)




No er alle pyntestolpa og taksperrer på plass på balkongen, og huset er heilt tett.

Vakkert!!!!!!!



Vi har vore så flinke å grunne all pynt og trod som skulle opp, men så har sjølvsagt Nordal gått tom for trod og hatt opp ubehandla materiale. Jaja, vi må vel opp i stilaset å klivre litt i helga då:)

Lekre detaljer med taksperrer

Flott utsikt!........ Magne altså;)

Begynner å bli eit skikkelig hus no


mandag 29. august 2011

Ark og balkong

I dag begynte Nordal bygg på arka mot sør. Tenk når vi skal sitte på balkongen om kvelden og sjå på utsikta og stjernene, med eit glas raudvin i handa:) Trur vi må ha ein varmelampe så vi kan sitje der heile året igjennom.






Einaste eg ikkje lika heilt er at det er så utruleg vått inne i huset!! Det flyt med vatn på balkongen, og det renn vatn inn i huset. Huset har aldri vore heilt tett. Forstår ikkje kvifor dei ikkje berre kan ha plast på heile huset!!! Det har vore litt slitsomt med alt vatnet igjennom sommaren, for eg går og er redd for vindauga og materialet vi oppbevarer inne i huset.




Og så har dei endeleg skore ut vindauga i raftene. Har vore litt spent på korleis det blei, og endeleg fekk vi sjå utsikta og plasseringa. Var mykje større enn eg såg for meg. Blir hærleg å sitje i badekaret og nyte utsikta:)





søndag 28. august 2011

Meir scrapping

I helga har vi vore i nok eit bryllup. Det var veldig kjekt, men var det tredje bryllupet den her måneden..phu!  Må berre legge ut bilete av kortet eg laga til det vakre brudeparet:)








lørdag 27. august 2011

Oppdatering

Det er som sagt ikkje så veldig synleg framgang med huset for øyeblikket, men eg og Magne syns no sjølvsagt at kvar planke er spennande:) No har dei lekta ferdig taket og begynt å få opp plast på 2. etasjen. Det er på mandag det vert spennande, for så skal dei begynne på arka nedover. Her kjem iallefall dagens bilder:)








fredag 26. august 2011

Scrapping


Dette er i hovudsak ein husblogg, men eg tek meg den friheit å blogge om litt andre ting også:) Eg har nemleg ein hobby i tillegg til husbygging.. (tru det eller ei). Scrapping heiter det, eller scrapbooking. Scrapping har sin opprinnelse i USA, og går ut på å ta vare på minner gjennom å lage kreative fotoalbum eller minnebøker med bilder og diverse pynt. Ein kan også lage kort, minialbum, pynte små esker osv. Moglegheitane er mange!!

Eg tenkte berre å legge ut bilete av eit par bryllaupskort eg har laga, så får vi sjå om det dukka opp fleire bilete etterkvart:)













PS! Om ikkje alle veit det, så vert bileta større om du trykker på dei:)

onsdag 24. august 2011

Meir trod

Det føles som om huset blir satt opp i sneglefart for øyeblikket!! Men det kjem nok av at vi har valgt å ha veeeldig mykje detalja og pynt på huset vårt, så vi må nok berre leve med det. Fint blir det uten tvil til slutt;) (absolutt alle kan vel seie seg einig i det...hehe). I dag har vi fått trod i rafta på nedsida av huset, og på tilbygget.





Er forresten veldig glad for at vi har grunna alle detaljane og panelet på førehand. Slepp å male huset før til våren igjen:)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...